Norsk Tannpleierforening har lytta til medlemmene sine ønskje om ei meir formålstenleg medlemsside. Dette har vært ei stor og viktig sak, og foreininga har brukt mykje ressursar i arbeidet med analysering av medlemmane sitt brukarmønster, kartleggjing av behova og utvelging av materiell. Arbeidet starta i mars 2015, og kontorledar Linda Ludmann og styremedlem Anne Mai Nilsen har hatt hovudansvaret for utvikling og framdrift av sida saman med eit reklamebyrå.
Tannpleierforeininga har etablert publikumsside, tannpleier.no, som skal marknadsføra yrkesgruppa med aktuell og publikumsvenleg faginformasjon. Tannpleier.no er også inngangen til medlemssida. Bruk knapp øverst på sida merka «medlemssiden».
Medlemssida har til hensikt å vera eit godt hjelpemiddel hovudsakleg for medlemmene, men også for andre. Brukarane skal raskt kunna finna kunnskapen dei har behov for. Difor er det lagt opp hurtigpunkt midt på første sida. Menyen ligg øverst til venstre, samt søkefeltet for å finne det som det blir søkt etter. Når ein klikkar på ein av logoane, vil sida koma fram som logoen viser, f.eks Delta. Her er informasjon om ulike verktøy som vedgår tannpleiarane i arbeidsdagen, omtale av politiske og andre aktuelle saker og kontaktinformasjon.
No kan endeleg medlemmer og andre brukarar, få ei oversiktleg og innhaldsrik medlemsside. Foreininga ser frem til at tannpleiarane vil finna informasjon og verktøy som dei har behov for, samtidig som websida skal profilera foreininga og yrkesgruppa.
Administrasjon og styret ønskjer medlemmene lukka til med nytt og viktig verktøy!
Til Mattilsynet, Som leiar av Norsk Tannpleierforening, gir eg ein venleg tilbakemelding til innlegg på nettsida til Mattilsynet om «Hvorfor bør tannbleking kun foregå hos tannlege? og bakgrunn for NTpF sin tilbakemelding. Tannpleierforeininga opplever formuleringa som unødig negativt formulert, når sak blir vurdert i forhold til vedtak i EU om -Professional Qualifications Directive med utgangspunkt i direktiv Directive 2005/36/EC. Tannpleier […]
Online kurs i Orale lesjonar Tannpleiarane sin europeiske organisasjon(EDHF), har i samarbeid med det franske firma Pierre Fabre Oral Care(PFOC), utvikla ein utdanningsplattform for tannpleiarar i Europa. Det er ein flott jobb EDHF har gjort i arbeidet mot utvikling av meir felles kunnskapsnivå for tannpleiarane på europeisk nivå. EDHF og PFOC tilbyr online kurs i […]
Helsedirektoratet har oppdatert anbefalingene til tannhelsetjenesten. Dette er satt inn: Barn med restsymptomer (ikke nyoppståtte eller økende) som kan knyttes til en gjennomgått luftveisinfeksjon, kan møte på tannklinikk når allmenntilstanden er god eller tilbake til det som er normalt for dette barnet. Dette er nærmere beskrevet i: • Hvis barn har akutt luftveisinfeksjon (fhi.no) • […]