Statsbudsjettet 2018 – Tilskot til Vidareutdanninga og master for tannpleiarar, og eit anmodningsvedtak frå Stortinget om å byggje opp tannpleiarkompetanse i kommunen

Publisert 13.10.2017 klokka 08:23

Statsbudsjettet 2018 – Tilskot til Vidareutdanninga og master for tannpleiarar, og eit anmodningsvedtak frå Stortinget om å byggje opp tannpleiarkompetanse i kommunen

I dag vart forslag til statsbudsjett og nasjonalbudsjett for 2018 lagt fram frå Regjeringa Solberg. Statsbudsjettet er regjeringa sitt viktigaste plandokument for komande år, og gir rammer for regjeringa si prioritering for 2018. I Prop 1 S (2017–2018) for budsjettåret 2018 Helse- og omsorgsdepartementet under Programkategori 10.70 Tannhelse, side 220 er følgjande omtala: Brukarar av tannhelsetenesta, betre tannhelse hjå barn og unge, personell, finansiering, oppfølgjing av Stortinget si behandling av St. meld. 35 (2007-2007), anmodningsvedtak, sjå lenke
https://www.regjeringen.no/…/…/prp201720180001hoddddpdfs.pdf

Her kjem det mellom anna fram at antall personar som har rettar etter tannhelsetenestelova er stabil, og at tannhelsa hjå barn og unge er betre, men med store geografiske skildnader. Norge har god tannlegedekning, og tannpleiardekninga har hatt ei svak auke. Når det gjeld oppfølging av Stortinget si behandling av St.meld. nr 35 (2006-2007) Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning. Framtidas tannhelsetjenester vil regjeringa prioritera følgjande: Geografisk tilgjengeligheit, kompetanseløft i tannhelsetenesta, og tannhelsetilbod til personar med store tannhelseproblem.

Våren 2017 fremma regjeringa forslag om lovregulering av tannhelsetenesta som eit kommunalt ansvar. Lovforslaget er vedteke, men ikkje når det skal trå i kraft. Stortinget kom mellom anna med eit anmodningsvedtak, vedtak 847 (2016-2017), den 8. juni 2017: «Stortinget ber regjeringa legge til rette for ei prøveordning som fører til at kommuner som ynskjer det kan etter søknad få anledning til å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå 2020.»

Den 8. juni 2017 kom også eit anmodningsvedtak 851 (2016-2017) som gjeld tannpleiarane: «Stortinget ber regjeringen starte arbeidet med å bygge opp tannpleierkompetanse i kommunene. Slik oppbygging av tannpleierkompetanse i kommunene vil ha økonomiske og administrative konsekvenser som regjeringen vil måtte komme tilbake til i budsjett sammenheng.» Under Kap. 770 Tannhelsetjenester blir mellom anna sosial ulikheit i tannhelse hos barn og unge og tannhelseforhold hos personer som mottek kommunale tenester i heimen og i institusjon omtala.

Forsøksordninga om tannhelsetenester på sjukehus mottek tilskot. Forsøka handler mellom anna om førebyggjande tenester, opplæring av ansatte i munnstell, vurdering av tannhelseforholda, undersøking og aktuell tannbehandling. Vidare foreslår regjeringa ei utredning av abonnementsavtale for vaksne – tannbehandling til fast pris. Målsetjinga er å retta tannhelsetenestene i større grad mot førebyggjande arbeid og verksemd slik at det samla behandlingsbehovet blir redusert. Sverige har god erfaring med slike opplegg. Departementet ynskjer å få prøvd ut ei slik abonnmentsavtale for tannhelsetenester for vaksne, spesielt dei mellom 20-25 år.

Under post 70 Tilskot har bevilgninga som mål å gje betre tilbod til grupper med spesielle tannhelseproblem, betre tilgang på odontologiske spesialisttenester, auka kunnskapsutvikling, forskning og kompetanseheving i den offentlege tannhelsetenesta. Det blir gjeve tilskot til behandling- og tannhelsehjelp til tortur- og voldsutsatte og personer med odontofobi. 2 millioner kr til Videreutdanninga i tannpleie og helsefremjande arbeid: Frå 2015 er det gjeve tilskot til videreutdanning for tannpleiarar innan fagområdet tannpleie og helsefremjande arbeid, organisert ved Høgskolen i Sørøst-Norge, og til masterutdanning.

Videreutdanninga ved Høgskolen i Sørøst-Norge starta i januar 2016 som et deltidsstudium over to år. Utdanninga er lagt til rette for påbygging til Master i helsefremjande arbeid. Kompetansen tannpleiaren får er viktig sett i lys av Stortinget sitt vedtak om overføring av ansvaret for tannhelsetenesten til kommunene, jf. Prop. L 71 (2016-2017) og Innst. 378 L (2016-2017). Det blir foreslege å føre vidare tilskot til Høgskolen i Sørøst-Norge for drift av videreutdanninga med om lag 2. mill. kroner, og til lønsutgifter og reise-/opphaldsutgifter for tannpleiarar som tek denne videreutdanninga eller masterutdanning, og er tilsatt i fylkeskommune/regionale odontologiske kompetansesentre. (sjå side 225 i Prop. 1 S Helse og omsorgsdepartementet).


Norge henger etter i forebyggingen av overvekt og fedme

Publisert 16.9.2020 klokka 13:43

Norsk Tannpleierforening støtter rådene i ny rapport. De er i tråd med foreningen sitt syn at samfunnet må ta et større ansvar for å tilrettelegge sunnere mat- og drikkevaner i befolkningen. Prosjektet Healthy Food Environment Policy Index (Food-EPI) er gjennomført for første gang i Norge, som del av det europeiske prosjektet Policy Evaluation Network. Et […]

Oppdatert skjema som kartlegg smittestatus hos pasientar

Publisert 17.8.2020 klokka 11:17

Det er konstatert auka smittespreiing i befolkninga og Helsedirektoratet har difor i samråd med FHI og tannhelsetenesta, oppdatert skjema som kartlegg smittestatus hos pasientar. Dersom svaret er JA på eitt eller fleire av spørsmåla skal behandling utførast på tannklinikkar for smitta pasientar. Skjemaet finn du på Kartlegging av smittestatus før besøk på tannklinikken Endringene gjeld: […]

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har oppdatert sine nettsider

Publisert 27.5.2020 klokka 09:40

        Det er svak smittespreiing i samfunnet, og anbefalingane er å koma tilbake til normal drift i tannhelsetenesta. Alle offentlege og private tannklinikkar bør halda ope for pasientbehandling  etter smittevernfagleg forsvarleg drift. Kort oppsummert er dette endringene i anbefalingene; • Nå bør normal aktivitet gjenopptas i tannhelsetjenesten • Det er presisert o hvem som har […]

Meld deg inn i Norsk Tannpleierforening

NTpF er en partipolitisk uavhengig yrkesorganisasjon for alle autoriserte tannpleiere, enten de er yrkesaktive eller yrkespassive. Mer om Norsk Tannpleierforening >>

Medlemsfordeler

  • Medlemsskap i NTpF og Delta: Delta gir deg hjelp og støtte på arbeidsplassen i lønns– og arbeidsspørsmål.
  • Fagtidsskriftet Tannstikka med 6 utgivelser per år med bl.a. fagstoff og oversikt over ledige stillinger etc.
  • Faglig utvikling gjennom årlige fagkonferanser med kurs spesielt tilpasset tannpleiere, rimelig for studenter og til gunstig pris for ordinære medlemmer