Avslutning for tannpleiarar som tar vidareutdanning på deltid ved Høyskolen Sørøst Norge

Publisert 02.11.2017 klokka 09:58

Det var ein verdig, vemodig og morsom avslutning i dag, for 20 studentar som tar 60 sp i tannpleie og helsefremmende arbeid. Entusiastiske studentar og entusiastiske lærarar tok farvel etter 2 års studie. Alle uttrykte ein felles oppfatning at det har vore eit utruleg lærerikt studie, og ikkje minst har desse tannpleiarane vore spesielt dyktige studentar, iflg høgskulen.

Studiet starta opp i januar 2016, og det første kull av studentar er no klar for å nytta sin kunnskap overfor pasientar og samarbeidspartnarar i den offentlege og private tannhelsetenesta.

Studiet vil gi tannpleiarar auka innsikt og forståing for utfordringar i samfunnet knytta til utjamning av sosiale ulikskap, migrasjon og helse, og ulike grupper av barn, ungdom og vaksne i risikosituasjonar. Auka kunnskap om helsefremming vil gi tannpleiarane kompetanse til å styrke folket si eigenkontroll, meistring og sjølvstendigheit knytta til eiga helse og utfordingar i tannhelse. Gjennom dette studiet har tannpleiarane fått kompetanseheving og opparbeida ein klarare yrkesidentitet. Samtidig bidreg studiet til ein auka del tannpleiarar med spesialkompetanse i privat og offentleg tannhelseteneste, ved utdanningsinstitusjonane, i kommunane og spesialisthelsetenesta.

Norsk Tannpleierforeining gratulerer med vidareutdanninga, og ser fram til at 7 av studentane går vidare mot ein mastergrad. Det kan resultera i at fleire tannpleiarar byrjar med forsking som vil styrkja tannpleiefaget, og vil vera innfallsport til nye fagområder. Tusen takk også til høgskulen som har lagt vel til rette for studentane, og valte å satsa på dette pionerstudiet for tannpleiarar.

 

 


Hovedoppgjøret er i havn

Publisert 25.5.2022 klokka 15:25

For første gang var Norsk Tannpleierforening med i forhandlingsutvalget i Unio og satt «ved bordet» under meklingen mellom hovedorganisasjonene og Kommunenes Sentralforbund, KS, helga 21.-24. mai. Det var spennende og lærerike dager for NTpF sin rådgivende HTV, Ann-Elin Instebø. Du finner all informasjon om oppgjøret på denne siden

Innspill til NRK Folkeopplysningen

Publisert 04.3.2022 klokka 16:15

Norsk Tannpleierforening, NTpF takker for at NRK setter munnhelse på agendaen. Dette er viktig område som NTpF mener bør ha mer oppmerksomhet. Ja, Tannpleierforeningen er glad for at tannpleierne ikke fikk fokus i dette programmet, men foreningen stiller likevel spørsmål til at yrkesgruppen ikke er nevnt i et program som omhandler tema pasient og munnhelse. […]

International Symposium on Dental Hygiene i DUBLIN I AUGUST!

Publisert 03.2.2022 klokka 13:20

Det er en stor glede at 15 tannpleiarar har søkt og fått tildelt stipend for deltagelse på  ISDH,  2022 i Dublin, Irland. Det er ønske fra NTpF å stimulere medlemmer til å delta. Arrangementet er den 11. til 13. august med temaet “THE FUTURE IS IN OUR HANDS”. Norsk Tannpleierforening er representert med to delegater på […]

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening