Hilde Aga Leiar i Norsk Tannpleierforening
Tannpleiaren møter dei fleste barn og unge til undersøkjing og veiledning i munnhelse, og er kanskje den yrkesgruppa som først kan registrera og påverka usunn livsstil.
Tannpleierforeininga er bekymra for ein negativ utvikling når det gjeld karies blant barn. Altfor mange barn og unge får i seg for mykje sukker. Det stjeler plassen til viktig næring. Uheldig kosthold fører til ulike livsstilssjukdomar, og er med på å oppretthalda dei sosiale forskjellane i samfunnet.
Her må politikarane ta eit større ansvar, og avgift på sukker kan vera eitt av dei. Norsk Tannpleierforening støttar difor KrF sitt forslag til auke av sukkeravgiften i kampen mot livsstilsjukdomar.
Vi veit:
For første gong på lang tid, er det auke i hol blant femåringar.
Kvar tredje mann er overvektig.
Kvar fjerde kvinne er overvektig.
Diabetes med bakgrunn i livsstil har firdobla seg dei siste åra.
Vidare veit vi at slikkerier, brus og saft er dei største kildene til sukkerinntak hos barn og unge. Desse gruppene er mest eksponert for mat og drikke som er fattig på næring, og får feitt og sukker i overflod. Vi veit at butikkar plasserar sjokolade og anna godterier lett tilgjengeleg ved kassa, og vi veit at Coop kjeda sette ned prisen på godterier til kr. 3 per hekto.
Det står i kontrast til signerte avtaler mellom daglegvarekjeder og helsemyndigheitene blant anna med målsetjing om å redusera inntak av sukker. Det står i kontrast til at helsemyndigheitene har køyrd kampanje i oktober og november og advart mot det høge sukkerforbruket blant barn og unge.
Verdens helseorganisasjon oppfordrar Norge og andre land til å ta kontroll over ei utvikling som må bli snudd, og ved å ta ansvar for å redusera sukkerforbruket. Politikarane sender eit riktig signal ved å nytta økonomisk virkemiddel og aukar avgifter på sukkerholdige varer som sjokolade, brus, slikkerier. Prisen på varer som folket skal handla mindre av vil auka, og forsking visar at pris er eit treffsikkert virkemiddel.
Vi treng konkret innsats som gjer oppvekstmiljøet meir sunt. Vi treng barnehagar der servering av sunn mat og drikke, er ein kvalitetsfaktor. Vi treng skulen der enklare måltid, frukt og grønt, er ein av kvalitetsfaktorane. Dette er arenaer til barn og unge som når alle.
Norsk Tannpleierforeining støttar opp om strukturelle tiltak som gir korrekt helsepolitisk retning. Her har politikarane ansvar, og må visa handlekraft. Det skal Krf-nestleiar Olaug Bollestad ha honnør for å vise i saka om auka avgifter på sukkerholdige matvarer.
Til Mattilsynet, Som leiar av Norsk Tannpleierforening, gir eg ein venleg tilbakemelding til innlegg på nettsida til Mattilsynet om «Hvorfor bør tannbleking kun foregå hos tannlege? og bakgrunn for NTpF sin tilbakemelding. Tannpleierforeininga opplever formuleringa som unødig negativt formulert, når sak blir vurdert i forhold til vedtak i EU om -Professional Qualifications Directive med utgangspunkt i direktiv Directive 2005/36/EC. Tannpleier […]
Online kurs i Orale lesjonar Tannpleiarane sin europeiske organisasjon(EDHF), har i samarbeid med det franske firma Pierre Fabre Oral Care(PFOC), utvikla ein utdanningsplattform for tannpleiarar i Europa. Det er ein flott jobb EDHF har gjort i arbeidet mot utvikling av meir felles kunnskapsnivå for tannpleiarane på europeisk nivå. EDHF og PFOC tilbyr online kurs i […]
Helsedirektoratet har oppdatert anbefalingene til tannhelsetjenesten. Dette er satt inn: Barn med restsymptomer (ikke nyoppståtte eller økende) som kan knyttes til en gjennomgått luftveisinfeksjon, kan møte på tannklinikk når allmenntilstanden er god eller tilbake til det som er normalt for dette barnet. Dette er nærmere beskrevet i: • Hvis barn har akutt luftveisinfeksjon (fhi.no) • […]