Gir seg etter 40 år med offentleg tannpleie

Publisert 17.1.2018 klokka 10:36

Då ho vart tilsett i januar 1978 var Britt Sønnesyn den første og einaste tannpleiaren i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. No gir ho seg, etter 40 års teneste med tannhelse og folkehelse for særleg born i fylket.

Ho har aldri hatt nokon annan arbeidsgjevar enn den offentlege tannhelsetenesta, og på dei 40 åra har ho berre hatt kortare permisjonar på grunn av studiar og eit toårig spaniaopphald.

Etter 25 år på Sogndal tannklinikk hadde ho hatt alle ungane i bygda i 2–3 generasjonar i stolen. Då var det på tide å gjere noko nytt, og ho vart tilsett som rådgjevar og folkehelsekoordinator. Der har ho jobba særleg for born og unge, gjennom samarbeid med kommunane, blant anna barnevernet og helsestasjonane.

«Prøvekanin» i starten
På slutten av 70-talet var Reidar Tveit fylkestannlege i Sogn og Fjordane. Det var overtannlegar rundt om i fylket, og på tannklinikkane var det tannlegar og tannlegeassistentar. Frå tannpleiarutdanninga i Bergen kom Britt Sønnesyn og vart først tilsett i eit prosjekt på Nordfjordeid, før jobben ved Sogndal tannklinikk venta.

– Eg vart nok litt «prøvekanin» i og med at eg var den første tannpleiaren. Dei visste ikkje heilt kva dei skulle bruke meg til, og eg måtte bevise at tannpleiaren også hadde ein viktig funksjon på tannklinikken. Det har vore ein til tider krunglete veg for å kome dit vi er i dag, fortel ho.

Ho legg ikkje skjul på at det har vore ein viss grad av profesjonskamp opp gjennom. Men dei 20 tannpleiarane som er tilsette på offentlege tannklinikkar i fylket i dag, er bevis på at prøvekanina var viktig.

Rivande utvikling

I starten var det berre førskuleungar som var pasientar hjå tannpleiarane, og det var heilt vanleg at ungar i førskulealder hadde hol i tennene sine. I dag har 82 prosent av femåringane i fylket aldri hatt hol. Hovudoppgåva til tannpleiarane har heile tida vore det førebyggjande arbeidet. Samarbeidet med helsestasjonane har vore tett, og utfordringane har vore dei same, blant anna kosthald og hygiene.

Etter kvart har også pasientgruppa utvida seg, frå å vere berre ungar til å inkludere alle delar av befolkninga.

– Tannpleiarane i dag gjer ein formidabel jobb og samarbeider godt med både kommunale tenester og frivillige. Det har vore ei rivande utvikling for både tannpleiarfunksjonen og yrket. I dag er det stort sett tannpleiarane som har ansvar for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet ved tannklinikkane. Det at vi har fått tannpleiarkompetanse også i administrasjonen, har gjort det lettare å utvikle tannpleiarfunksjonane, seier Britt.

Samarbeid sentralt

Sidan ho tok til i administrasjonen i 2006, har tverrfagleg samarbeid vore ein stor del av jobben til Britt. Fylkeskommunen har i dag samarbeidsavtalar med alle kommunane. Samarbeidet med Fylkesmannen har vore tett, særleg når det gjeld folkehelsearbeid, og Britt har også vore med og organisert samarbeidet mellom tannhelsetenesta og Vik fengsel. Det mest gjevande samarbeidet for Britt personleg har likevel vore samarbeidet med barnevernet.

– Eg har sidan eg starta på 70-talet jobba veldig mykje med og for ungar, difor har dette arbeidet med barnevernet vore fantastisk gjevande å vere med på. Saman med tannhelsetenestene i Rogaland og Hordaland har vi utarbeidd retningsliner for kva tannhelsetenesta kan bidra med i samarbeidet med barnevernet. Det går blant anna ut på korleis vi kan bidra til å avdekkje omsorgssvikt og overgrep, fortel ho.

Tannhelsepersonell er dei helsearbeidarane som behandlar alle barn og unge frå 0–18 år regelmessig, og dei er difor i ein unik posisjon til å avdekke ulike former for omsorgssvikt. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet fekk i 2013 Zendium-prisen for dette arbeidet, og retningslinjene har etter kvart blitt gjeldande for heile landet. Ein av deltakarane i samarbeidet frå Hordaland tek no ein doktorgrad på temaet barnevern og tannhelse.

Klar for anna livssituasjon

Sogn og Fjordane har på mange måtar vore eit føregangsfylke i tannhelsearbeidet. Tannhelsetenesta har fått til ting som har fungert, og som har gjort at andre har sett til fylket. Så korleis er det då å gje seg, etter å ha vore ein del av og følgt utviklinga i tannhelsetenesta i 40 år.

– Eg har brukt tid på å bli klar til å avslutte yrkeskarrieren og gå over til ein annan livssituasjon, så det skal gå fint. Kanskje kjem eg tilbake som pensjonist og får nokre oppgåver vidare, særleg når det gjeld saker og rutinar eg har vore med å jobbe fram, seier  Britt.

Ho har også fått spørsmål frå organisasjonen Tannhelse utan grenser om å vere med på frivillig arbeid, og tykkjer også dette høyres ut som ein spennande og gjevande jobb.

– Det er viktig å byte beite og ha noko spennande å sjå fram til, avsluttar ho.

Foto frå 2017: Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto frå seint på 1990-talet: Foto: privat

For meir informasjon:
Britt Sønnesyn
915 52 215

Tekst:

Birthe Johanne Fredheim Finstad
rådgjevar, fylkesrådmannen – stab
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger
www.sfj.no | Birthe.Finstad@sfj.no
tlf: +47 99610464

 

 


Gratis online kurs i Orale lesjoner

Publisert 11.11.2020 klokka 13:01

Online kurs i Orale lesjonar Tannpleiarane sin europeiske organisasjon(EDHF), har i samarbeid med det franske firma Pierre Fabre Oral Care(PFOC), utvikla ein utdanningsplattform for tannpleiarar i Europa. Det er ein flott jobb EDHF har gjort i arbeidet mot utvikling av meir felles kunnskapsnivå for tannpleiarane på europeisk nivå. EDHF og PFOC tilbyr online kurs i […]

Oppdatering av helsedirektoratets anbefalinger til tannhelsetjenesten

Publisert 03.11.2020 klokka 13:01

Helsedirektoratet har oppdatert anbefalingene til tannhelsetjenesten. Dette er satt inn: Barn med restsymptomer (ikke nyoppståtte eller økende) som kan knyttes til en gjennomgått luftveisinfeksjon, kan møte på tannklinikk når allmenntilstanden er god eller tilbake til det som er normalt for dette barnet. Dette er nærmere beskrevet i: • Hvis barn har akutt luftveisinfeksjon (fhi.no) • […]

Viktig sak om direkteoppgjør med HELFO

Publisert 30.9.2020 klokka 14:36

Tannpleierne fikk selvstendig refusjonsrett i 2013. Retten gir tannpleieren rettigheter og plikter. Husk at avtalen er:  Personlig og gjensidig mellom HELFO og tannpleieren Buypass kortet er personlig og det er kun du som bruker kortet Når du gjør avtale med HELFO, er det kun du som sender inn dine oppgjør Du er personlig ansvarlig for […]

Meld deg inn i Norsk Tannpleierforening

NTpF er en partipolitisk uavhengig yrkesorganisasjon for alle autoriserte tannpleiere, enten de er yrkesaktive eller yrkespassive. Mer om Norsk Tannpleierforening >>

Medlemsfordeler

  • Medlemsskap i NTpF og Delta: Delta gir deg hjelp og støtte på arbeidsplassen i lønns– og arbeidsspørsmål.
  • Fagtidsskriftet Tannstikka med 6 utgivelser per år med bl.a. fagstoff og oversikt over ledige stillinger etc.
  • Faglig utvikling gjennom årlige fagkonferanser med kurs spesielt tilpasset tannpleiere, rimelig for studenter og til gunstig pris for ordinære medlemmer