Julehilsning 2018

Publisert 19.12.2018 klokka 08:50

Kjære medlemmer, tillitsvalte og samarbeidspartar!

2018 har vore eit innhaldsrikt år for Norsk Tannpleierforening, og vi vil her gje ei oppsummering:

Førebuing av fagkonferansen og 50 års jubileet var arbeidskrevjande og hyggjeleg. Det var stor deltaking, positive foredragsholdarar og utstillarar, ein flott båttur, fine taler med både alvor, morosame innslag og historier. Tusen takk til alle deltakarane, de som hadde innlegg, taler eller deltok i arbeidet med sjølve arrangementet.

I etterkant av konferansen, var det Landsmøte og val av nytt styre i Tannpleierforeininga. Det er spennande med nytt styre som eg og administrasjonen ser fram til å samarbeida med dei neste 4 åra.

Tannhelse har fått stor merksemd dette året, og Tannpleierforeininga har deltatt på fleire munnlege høyringar i Stortinget. Satsinga på eldre gjennom Leve hele livet, meld. St. 15, har vore ein prosess over lengre tid. I anmodingsvedtaket frå 2017 ber Stortinget regjeringa starta arbeidet med å bygge opp tannpleiarkompetanse i kommunen, og NTpF ser fram til dette arbeidet byrjar. Rapporten frå prosjektet om samhandling mellom heimebasert omsorg og tannhelseteneste frå Hamar kommune og tannhelsetenesta, er eit viktig arbeidsdokument for Tannpleierforeininga sitt vidare arbeid både i fylke og kommunen.

Blankholmutvalet la fram sin innstilling til prioriteringar i pleie- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta, sist veke. Dette er eit spennande og viktig dokument om korleis den offentlege tannhelsetenesta bør prioritera framover.

Arbeiderpartiet sitt representantforslag til Stortinget om styrking av norsk tannhelseteneste, vart vedtatt i Stortinget. Saka set oppmerksomheit på det helsefremmande og førebyggjande arbeidet, gjennomgang av refusjonsordningane og tiltak for dei som ikkje sjølve har økonomi til nødvendig tannhelsehjelp. Regjeringa vil koma tilbake til Stortinget med denne saka.

Tannpleierforeininga har årlege dialogmøte og innspelsmøte med HELFO og med Helsedirektoratet om refusjonsordninga og endringar i regelverket. Dette er nyttige møter som er med på å sikra etterleving og forvaltning av stønadsordningane .

Tannpleierforeininga var representert under Arendalsuka og møtte politikarar frå ulike parti. Medio oktober arrangerte EDHF sitt årlege møte. Denne gongen var møtet lagt til Jerusalem og harmonisering av tannpleiarutdanningane i Europa, var mellom anna eit sentralt tema.

Program for Fagkonferansen 2019 i Tromsø er no nesten klart, og foreininga ser fram til å møta mange medlemmer til våren til fagleg påfyll i midnattsola sitt rike 28. og 29. mai 2019.

Tradisjonen i NTpF er å støtta ein veledig organisasjon, og i år får Frelsearmeen helsing frå Norsk Tannpleierforening.

Gode jule- og nyårsønskje frå styre og administrasjon i Norsk Tannpleierforeining ved Hilde Aga leiar NTpF, Benthe Hansen fagansvarleg og Linda Ludmann kontorleiar

 

 

 


Lønn for fylkeskommunalt ansatte tannpleiere under videreutdanning

Publisert 18.2.2019 klokka 13:40

Helsedirektoratet har nå kunngjort LØNN FOR FYLKESKOMMUNALT ANSATTE TANNPLEIERE UNDER VIDEREUTDANNING ved Universitetet i Sørøst-Norge. Det er fylkeskommunen/fylkestannlegen som kan søke om lønn Selve søknadsfristen for studentopptak ved Videreutdanningen i tannpleie og helsefremmende arbeid er 15. mai 2019. Se Tannstikka nr 1 2019.

Iverksetjing av eldrereformen Leve hele livet, starta 1. januar 2019

Publisert 03.1.2019 klokka 10:31

Folkehelseministeren Åse Michaelsen, oppfordrar kommunane å starta opp med førebyggjande heimebesøk til dei eldre, også hos dei som ikkje er inn under helse- og omsorgstenesta. Tannpleierforeininga ser det som viktig at tannhelse er tema ved dei førebyggjande heimebesøka. Reformperioden varar fram til 2023. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/eldrereformen-leve-hele-livet-starter-1.-januar-2019/id2623795/?

Nye faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis

Publisert 23.10.2018 klokka 12:31

Bakgrunn Det har tidligere ikke vært publisert nasjonale anbefalinger for smittevern i odontologisk praksis. Økt internasjonalisering og økende forekomst av antibiotikaresistens har imidlertid aktualisert behovet for felles retningslinjer for smittevern for all odontologisk praksis. Les rapporten her Tannlegeforeningen fremmet i 2015 ønske til Folkehelseinstituttet om utarbeidelse av faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis. […]

Meld deg inn i Norsk Tannpleierforening

NTpF er en partipolitisk uavhengig yrkesorganisasjon for alle autoriserte tannpleiere, enten de er yrkesaktive eller yrkespassive. Mer om Norsk Tannpleierforening >>

Medlemsfordeler

  • Medlemsskap i NTpF og Delta: Delta gir deg hjelp og støtte på arbeidsplassen i lønns– og arbeidsspørsmål.
  • Fagtidsskriftet Tannstikka med 6 utgivelser per år med bl.a. fagstoff og oversikt over ledige stillinger etc.
  • Faglig utvikling gjennom årlige fagkonferanser med kurs spesielt tilpasset tannpleiere, rimelig for studenter og til gunstig pris for ordinære medlemmer