Kjære tannpleiarar! 

Publisert 20.3.2020 klokka 10:13

Vi blir alle påverka på ulik vis av den uverkelege situasjonen by, land, nasjon og verden er i. Tannpleiarane er blant yrkesgruppene som kjenner på dei samfunnsmessige omsyn som må takast, for å unngå å bli smitta og å redusera spreiing av smitte.

Som helsepersonell, så forventar NTpF og tannpleiarane av kvarandre, at nødvendig samfunnsansvaret blir tatt, og at råd frå helsemyndigheiter og frå Tannpleierforeininga, blir følgt opp. Det er kunn akutt og nødvendig tannbehandling det blir gitt tilbod om. Dette gir økonomisk utfordringar for dykk som er sjølvstendig næringsdrivande, men samfunnet sine interesser er førande.

Styre og administrasjon jobbar kontinuerleg med saker som er konsekvensar av koronavirus og som påverkar yrkesgruppa og samfunn. NTpF gjekk sist fredag ut og informerte at tannbehandling som kunne utsetjast, vart utsatt. Søndag kveld kom det melding frå Helsedirektoratet om stenging av alle verksemder som ytte ikkje-akutte helsetenester. Tannpleierforeininga er i dialog med Delta, helsemyndigheiter og tannlegeforeininga.

NTpF har sendt brev med innspel til finanskomiteen og helse- og omsorgskomiteen om den økonomiske situasjonen for tannpleiarar som er sjølvstendig næringsdrivande. Det er sendt felles brev til Helse- og omsorgsdepartement frå tre foreiningar som organiserer helsepersonell i Delta. Saka gjeld situasjonen for yrkesgrupper som står utan inntekt i dagane før sikring av inntekt har starta. Tannpleierforeininga tar dugnad overfor dei som står utan inntekt 16 dagar fram i tid, og det er sendt ut mail til alle sjølvstendige næringsdrivande om gratis kontingent i april og mai.

Det er stort behov hos medlemmene om å bli orientert. NTpF har følgt opp og organisert aktuell informasjon, og formidla den stort sett gjennom Tannpleiernes medlemsgruppe på facebook og på tannpleier.no, medlemsside. Det er mange e-postar, og mange spørsmål på facebook-sida.

Foreininga har avlyst arrangement i tråd med vedtak i Delta sitt hovudstyre. Avlyste arrangement som lokaledarsamlinga sist veke, samling av 3. års studentar ved Høgskulen Innlandet og ved UiO, arrangement i regi av lokalavdelingane. For tida blir det jobba med fagkonferansen på Lillehammer. Styret har vurdert at det diverre er stor sjanse for avlysing av Fagkonferansen 2020. Her vil det koma nærmare orientering.

Takk medlemmer, for at de tar ansvar og held motet oppe. Vi står saman som kollegaer og medmenneske i ei nasjonal og internasjonal krise. Vi kan alle bidra i dugnaden!

Helsing Hilde Aga
Leiar i Norsk Tannpleierforening


Lansering av filmer mot tannbehandlingsangst

Publisert 14.10.2021 klokka 11:24

I dag ble filmer mot tannbehandlingsangst i prosjektet «Tenner, skam og angst» lansert. Filmene er utviklet av prosjektet «Tenner, skam og angst» ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt). Prosjektet har laget informasjonsfilmer rettet mot de som sliter med tannbehandlingsangst i tillegg til å lage instruksjonsvideoer for tannhelsepersonell. Målet er å gjøre det enklere for den som har tannlegeskrekk til å oppsøke […]

Solid flertall for overgang til Unio

Publisert 20.8.2021 klokka 14:08

Av totalt 34 stemmer, stemte 32 for overgang. Dette gir solid grunnlag for styret og administrasjon i sitt vidare arbeid. Under finner du innlegget fra Hilde Aga. Etter hennes innlegg, haldt leiar av Unio og gjest, Ragnhild Lied, ei solid og nøktern tale om Unio og kva overgang til den hovudorganisasjonen, vil bety for NTpF. […]

Viktig informasjon til alle medlemmer.

Publisert 07.6.2021 klokka 14:45

Saken gjelder eventuell søking om overgang fra hovedorganisasjonen YS-Delta til hovedorganisasjonen Unio. Se egen side for å få samlet informasjon.  

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening