Tannpleierforeininga har sendt innspel til finanskomiteen

Publisert 26.3.2020 klokka 08:51

Finanskomiteen Oslo, 25. mars 2020
Økonomisk støtte til nyetablerte tannpleierklinikkar

Den seinare tid har tannpleiarar etablert eigne tannpleierklinikkar, enkelte også med tilsett tannhelsesekretær og tannlege. Dette er klinikkar som er i oppbyggingsfasen, og klinikkane har som resultat av påbod om stenging av klinikk, kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Tannpleiarane gir pasienten hovudsakleg helsefremjande og førebyggjande tenester som vil redusera behov for behandling på sikt

Verksemdene er ein viktig del av helsetenesta sjølv om tannpleiarane ikkje løyser akutt behandlingsbehov. Norsk Tannpleierforening fylgde opp Folkehelseinstituttet si anmoding og oppfordra yrkesgruppa til å stenga tannklinikken den 13. mars. Den 15. mars fekk tannpleiarane yrkesforbod frå Helsedirektoratet og direktoratet beordra stenging av klinikkane.

På linje med andre yrkesgrupper, gjekk enkelte av Norsk Tannpleierforening, NTpF, sine medlemmer til inga inntekt og det på uviss tid. Tannpleiarar med eigen bedrift, har ikkje inntekt til å bæra kostanden med vidare drift fram til at situasjonen blir normalisert. Det er kontinuerlege kostnader som leieutgifter, leasingutgifter til kostbart utstyr, lån osv.

Tannpleierklinikkane er i tidleg fase i å utvikla gode konsept til betalande pasientar. Det er viktig at desse økonomisk svake bedriftene som er i oppbyggingsfasen, får økonomisk stønad. Tannpleierforeininga fryktar at mange klinikkar vil gå konkurs som følge av stenging. Det vil også gi negativt signal til tannpleiarar som har planar om etablering av denne relativt nye og samfunnsnyttige tenesta til folket.

Regjeringa har kome med ulike tiltak som kan redusera denne økonomiske belastninga, men det er på inga vis nok til å unngå at fleire klinikkar må leggja ned verksemder som er i startsfasa. Norsk Tannpleierforeining foreslår at staten går inn og gir eit direkte økonomisk tilskot som støttepakke frå fellesskapet til bedrifter som vil kompensera deler av det tapet ein stenging medfører. Spesielt gjeld det overfor AS der drivaren ikkje et tilsett. Tiltak som er etablert for sjølvstendig næringsdrivande, må også gjelda for personell i den private helsetenesta.

Venleg helsing
Norsk Tannpleierforening
Hilde Aga, leiar

 

 

 


Lansering av filmer mot tannbehandlingsangst

Publisert 14.10.2021 klokka 11:24

I dag ble filmer mot tannbehandlingsangst i prosjektet «Tenner, skam og angst» lansert. Filmene er utviklet av prosjektet «Tenner, skam og angst» ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt). Prosjektet har laget informasjonsfilmer rettet mot de som sliter med tannbehandlingsangst i tillegg til å lage instruksjonsvideoer for tannhelsepersonell. Målet er å gjøre det enklere for den som har tannlegeskrekk til å oppsøke […]

Solid flertall for overgang til Unio

Publisert 20.8.2021 klokka 14:08

Av totalt 34 stemmer, stemte 32 for overgang. Dette gir solid grunnlag for styret og administrasjon i sitt vidare arbeid. Under finner du innlegget fra Hilde Aga. Etter hennes innlegg, haldt leiar av Unio og gjest, Ragnhild Lied, ei solid og nøktern tale om Unio og kva overgang til den hovudorganisasjonen, vil bety for NTpF. […]

Viktig informasjon til alle medlemmer.

Publisert 07.6.2021 klokka 14:45

Saken gjelder eventuell søking om overgang fra hovedorganisasjonen YS-Delta til hovedorganisasjonen Unio. Se egen side for å få samlet informasjon.  

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening