Regjeringa, LO, Finans Norge, Virke og NHO har jobba fram ei overordna krisepakke kalla fase 2 og det var brei einigheit om prinsippa i pakka. Den vart presentert kl 8 i dag. Næringslivet treng for tida kontantar meir enn kreditt. Målet med pakka er å gje nødvendig hjelp med påløpande kostnader og husleige, forsikringar, vart nemnt. Staten vil dekkja deler av kostandane for verksemder som har omsettingssvikt, men alle må vi bidra i eit felles løft for samfunnet.
Pakke skal gi kontant støtte direkte til små og mellomstore bedrifter. Dette for å sikra at nødvendige tilbod er tilgjengeleg for folket ved å unngå varige problem for næringsliv og arbeidsplasser når krisa er over.
Bedrifter som er blitt pålagt av staten å stengja verksemda, vil få ein høgare kompensasjonsgrad. Det er godt signal for vår yrkesgruppe.
Regjeringa vil bruka komande veke til å få på plass detaljane i pakka som skal presenterast neste fredag. Finans Norge skal sikra rask overføring samtidig som det må sikrast god og ryddig handtering av stønaden gjennom digitale plattformer. Innan 3 veker, skal det vera overført kontantstøtte til søkjaren. Den enkelte bedrift må søkja sjølv, for deretter å mot ta direkte overføring. Regelverk skal sikra at dei som har behov får hjelp, og at useriøse aktørar ikkje får tilgang inn i vår felles statskasse.
Profilerte økonomar uttaler at det vil kosta samfunnet meir å gjera lite enn å gjera for mykje, i denne alvorlege situasjonen landet er i.
Saka visar den viktige funksjonen 3-parts samarbeidet har, når arbeidsgivar, organisasjonar i arbeidslivet og regjeringa i samarbeid finn fram til gode løysingar, uttalar leiar av LO Hans-Kristian Gabrielsen.
Partar uttalte at desse overordna prinsippa, er eit godt utgangspunkt for vidare behandling i Stortinget.
Til Mattilsynet, Som leiar av Norsk Tannpleierforening, gir eg ein venleg tilbakemelding til innlegg på nettsida til Mattilsynet om «Hvorfor bør tannbleking kun foregå hos tannlege? og bakgrunn for NTpF sin tilbakemelding. Tannpleierforeininga opplever formuleringa som unødig negativt formulert, når sak blir vurdert i forhold til vedtak i EU om -Professional Qualifications Directive med utgangspunkt i direktiv Directive 2005/36/EC. Tannpleier […]
Online kurs i Orale lesjonar Tannpleiarane sin europeiske organisasjon(EDHF), har i samarbeid med det franske firma Pierre Fabre Oral Care(PFOC), utvikla ein utdanningsplattform for tannpleiarar i Europa. Det er ein flott jobb EDHF har gjort i arbeidet mot utvikling av meir felles kunnskapsnivå for tannpleiarane på europeisk nivå. EDHF og PFOC tilbyr online kurs i […]
Helsedirektoratet har oppdatert anbefalingene til tannhelsetjenesten. Dette er satt inn: Barn med restsymptomer (ikke nyoppståtte eller økende) som kan knyttes til en gjennomgått luftveisinfeksjon, kan møte på tannklinikk når allmenntilstanden er god eller tilbake til det som er normalt for dette barnet. Dette er nærmere beskrevet i: • Hvis barn har akutt luftveisinfeksjon (fhi.no) • […]