Innspel frå Norsk Tannpleierforening til detaljer i ny krisepakke

Publisert 03.4.2020 klokka 08:15

Skien, 31. mars 2020

Norsk Tannpleierforening, NTpF, visar til fase 2 i regjeringa si krisepakke og forslag til direkte støtte til små og mellomstore bedrifter. Dette er eit viktig tiltak som vil vera god hjelp til våre medlemmer som i seinare tid har starta sjølvstendige tannpleierklinikkar. Tannpleiarane er pålagt å stengja verksemda og NTpF ser viktigheita av at regjeringa foreslår høgare kompensasjonsgrad for bedrifter som får påbod om stenging.

Utvikling av tannpleierklinikkar er i tidleg fase med å gi gode konsept til betalande pasientar. Tilbod til den vaksne, betalande pasienten om å ta ansvar for tannhelsa gjennom god rettleiing og støtte, er blitt eit viktig, supplerande tilbod til den eksisterande tannbehandling ved tannlegeklinikkar. Tannpleiarane har investert i kostbart utstyr, etablert leigeavtaler med fortløpande utgifter, husleige med meir.

Klinikkane er heilprivate og dei har difor ingen økonomisk sikkerheit. Stengte klinikkar betyr for enkelte, avhengig av driftsform, ingen inntekt til å driva klinikken for eller til personleg inntekt. Økonomisk stønad til dei som måtte stengja ned verksemda, kan hindra konkurs som resultat av pålagt stenging.

Klinikkar som går konkurs, vil gi negativt signal til tannpleiarar som har planar om etablering av denne relativt nye og samfunnsnyttige tenesta til folket.

Framtida for eit nyetablert tilbodet, er no høgst usikkert.

Det er gitt signal om at omsetting av 2019 vert lagt til grunn for størrelsen på kontant stønad. Tannpleierforeininga meinar at det i tillegg må inn andre variablar:

• Bedrifter som er etablert i og var under oppstart i 2019 må sikrast kontantstøtte
• Betra lånevilkår enn tidlegare vedtatt, med rente- og avdragsfriheit også i avgrensa tid etter at drifta er normalisert.

Norsk Tannpleierforening meinar det er viktig med kontant stønad som sikrar fortsatt drift av private tannpleiarklinikkar.

Venleg helsing

Norsk Tannpleierforening
Hilde Aga, leiar


Lansering av filmer mot tannbehandlingsangst

Publisert 14.10.2021 klokka 11:24

I dag ble filmer mot tannbehandlingsangst i prosjektet «Tenner, skam og angst» lansert. Filmene er utviklet av prosjektet «Tenner, skam og angst» ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt). Prosjektet har laget informasjonsfilmer rettet mot de som sliter med tannbehandlingsangst i tillegg til å lage instruksjonsvideoer for tannhelsepersonell. Målet er å gjøre det enklere for den som har tannlegeskrekk til å oppsøke […]

Solid flertall for overgang til Unio

Publisert 20.8.2021 klokka 14:08

Av totalt 34 stemmer, stemte 32 for overgang. Dette gir solid grunnlag for styret og administrasjon i sitt vidare arbeid. Under finner du innlegget fra Hilde Aga. Etter hennes innlegg, haldt leiar av Unio og gjest, Ragnhild Lied, ei solid og nøktern tale om Unio og kva overgang til den hovudorganisasjonen, vil bety for NTpF. […]

Viktig informasjon til alle medlemmer.

Publisert 07.6.2021 klokka 14:45

Saken gjelder eventuell søking om overgang fra hovedorganisasjonen YS-Delta til hovedorganisasjonen Unio. Se egen side for å få samlet informasjon.  

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening