Solid flertall for overgang til Unio

Publisert 20.8.2021 klokka 14:08

Av totalt 34 stemmer, stemte 32 for overgang. Dette gir solid grunnlag for styret og administrasjon i sitt vidare arbeid.
Under finner du innlegget fra Hilde Aga. Etter hennes innlegg, haldt leiar av Unio og gjest, Ragnhild Lied, ei solid og nøktern tale om Unio og kva overgang til den hovudorganisasjonen, vil bety for NTpF.

 Innlegget til leder NTpF Hilde Aga på ekstraordinært landsmøte: 

Tannpleierforeninga sitt styre har foreslått overgang frå YS til Unio. Det er alvorleg og stor sak for organisasjonen og medlemmene. Eg vil gi landsmøtedeltakarane ein orientering om bakgrunn for vedtaket. 

Medlemmene  definera kven styret er,  gjennom det vi gjer, men også gjennom det vi ikkje gjer.  Som ledar, er eg stolt over å synleggjera at noverande styre tar ansvar og handlar når det er tid for det.  I 1986 gjekk NTpF frå STAFO til Delta for det var riktig utifrå situasjonen den gong. Yrkesgruppa har utvikla seg,- tannpleiarar er på bachelornivå, det er  vidareutdanning for yrkesgruppa, det er mange tannpleiarar med master og enkelte tannpleiarar med PhD.   

NTpF er blitt ein større og sterkare organisasjon. Dette skapar nye behov. Tannpleierforeininga er klar for å bli ein meir sjølvstendige og synlege.  I Unio vil NTpF finna likskapar med andre organisasjonar i 3 viktige områder: i helsepolitikken, når det gjeld kunnskap og utdanning og når det gjeld arbeidslivspolitikken. I  fellesskap med desse, og saman med Unio,  skal foreininga og tannpleiarane bli meir synlege. Styret foreslår overgang i vissheit om at tannpleiarane har mot til ny start for foreininga si i ny hovudorganisasjon, og der skapa den organisasjonen dei ulike styrer i Tannpleierforeininga har sett behov for.  

Forslaget er ei sterk og krevjande sak å fremma.  Styret ser det er viktig  å vera samla i ein hovudorganisasjon for høgskule og universitetsutdanna. Her høyrer tannpleiarane naturleg heime. Tannpleiarane  blir del av ein organisasjon som jobbar for ivaretaking og utvikling av yrker som er på utdanningsnivå bachelor og høgare, og Tannpleiarforeininga blir organisert på organisasjonsnivå samanlikna med dei andre nordiske tannpleier organisasjonane. 

 Vedtektene i NTpF gir føringar for arbeidsområde for styret. Styret skal  ta i vare medlemmenes yrkesfaglege og utdanningsmessige interesser, og arbeide for medlemenes løns -og arbeidsvilkår.  

Det formålet meina styret,  blir best tatt i vare ved å bli medlemsorganisasjon i alternativ hovudorganisasjon. Overgangen er ikkje eit mål, men eit middel i å nå målet om å ta i vare desse 2 område til beste for medlemmene. Eg  illustrera det ved eksempel: 

Når det gjeld tannpleiarane sine yrkesfaglege interesser så er det helsefremmande -og førebyggande arbeidet  kjerna i tannpleiarane sitt arbeidsfelt. Området blir løfta fram både politisk og administrativt for tida. Det styrkjer NTpf sitt mål at tannpleiarane  skal bli den viktigaste ressurs i tannhelsetenesta i framtida. Saman med andre helseorganisasjonar skal vi jobba for i sterkare grad å fremme dette viktige fagfeltet, og styrke tannpleiarane som den fremste ressurs i arbeidet for betydninga av god munnhelse.  Våre allierte medlemsorganisasjonar på området, er i Unio. I Unio skal tannpleiarane  etablera eit felles løft saman med andre på  dette viktige fagfeltet.  

Tannpleiarane sine utdanningsmessige interesser  er blitt jobba med og det er etablert nye nasjonale retningslinjer for helse og sosialfagutdanningane. Den felles forskrifta skal sikra at utdanningane tilbyr grunnutdanningar med høg forskingsbasert kvalitet og relevans.  Det har vore eit stor utviklingsarbeid der tannpleiarane var representert. Ørvig utdanningsgruppe i dette arbeidet, er organisert i hovudorganisasjonane UNIO eller Akademikerne. NTpF vurdera det som ein stor fordel å vera organisert der samanliknbare helsefagutdanningar er og der vi kan møtast til felles diskusjonar på  viktige spørsmål på området.  

Tannpleiarane sine  interesser som arbeidstakarar,  blir i stor gard tatt i vare gjennom ulike hovud -og tariffavtaler. Når det gjeld området  arbeids- og lønsvilkår, er det Delta, eller Delta gjennom YS, som er part. Blir NTpF medlemsorganisasjon i Unio er det NTpF som vert part, slik Delta er det i dag og NTpF får ei stemme direkte inn i Unio sine forhandlingsutval. Norsk Tannpleierforening blir synlege på området, der Delta i dag er synlege og er NTpF si stemme.   Hovudtillitsvalt i fylkeskommunen tar kun i vare tannpleiarane sine interesser, ved ein overgang. Den totale gevinsten blir meir innflytelse på området og er eksempel på styrking av NTpF som organisasjon. Det stiller krav om engasjement til styret sentralt, styret lokalt og alle medlemmene. Eg og resten av styret har tru på tannpleiarane si evna til å ta ansvar når det blir krevja. Ein overgang til Unio, krev det. Likegyldige og tilbakelente medlemmer, kan ikkje vera rådande.  

Bakgrunn for styret sitt forslag, som  vart realitetsvurdert i 2020/21, er fleire. Tannpleierforeininga har jobba målbevisst med saka det siste året for tidsskjema var stramt. Overgang til Unio har vore sak i alle  styrer dei siste 23 åra, men den vart spesielt aktuell når representantskapet i Delta forståeleg nok, ønskte meir likare struktur og  rammevilkår for organisering av yrkesorganisasjonane. Det skal forhandlast fram. Meir likare rammevilkår kan påverka NTpF sin eksisterande, gode  økonomiske avtale. Samansetjinga av representantar i Delta sitt hovudstyre gjenspeglar organisasjonen som organisasjon for medlemmer med utdanning på vidaregåande nivå.  

Mange av medlemmene i NTpFs styre har lang fartstid og det krev solid erfaring til å foreslå eit så omfattande sak som denne. Områda som no er nemnt, vart grunnlag for vurdering av saka i  styret  2020, og vedtatt i 2021. I tillegg går landsmøteperioden  ut i 2022, og NTpF har fristar å forhalda seg til både overfor Delta og Unio. Det er grunn til at tida for informasjon av, og diskusjon hos medlemmene om saka, diverre måtte bli sommarmånadane.  

Styret og administrasjon har jobba intenst, og det arbeidet vil fortsetja. Vi har analysert og presentert positive og negative aspekt ved overgang gjennom en SWOT analyse. Det er mange  uvissheiter og det er mange hindringar i vegen mot ein eventuell overgang,  Tannpleierforeininga og medlemmene må akseptera at det er uvisse på områder. Det vil ikkje vera stødig grunn frå 1 i 1 2022. Det  er det fokusert på i møter med medlemmer. Eg vil utjupa det. 

Som sjølvstendig medlemsorganisasjon i Unio vil NTpF sjølv ha ansvaret for å ivareta medlemmenes interesser som arbeidstakarar. Jamfør  kva eg sa tidigare om at NTpF blir ein sjølvstendig organisasjon med eige partsforhold, rettigheitar og plikter i ulike tariffavtaler, blant annet i kommunal sektor.  Dette er store og viktige oppgaver, som i dag i hovedsak utføres av Delta. Styret er imidlertid sikre på at NTpF skal kunne takle disse oppgavene på ein god måte, slik andre organisasjoner NTpF kan sammenlikna seg med, gjør det. NTpF vil etablere eit nødvendig korps av tillitsvalte og nettverk for desse. Landsstyret har allereie, i samarbeid med samarbeidspartar, planer for opplæringsprogram for avtale tillitsvalde. Det er et opplæringsprogram som vil kunne starte opp allereie utpå hausten. I tillegg er vi i dialog med leverandør av juridiske tjenester, og tar siket på å inngå avtale om slike tjenester når fremtida er avklart. 

Medlemsfordeler som forsikringsordningar, områder som angår tannpleiarar i privat praksis, er saker Tannpleiarforeininga har byrja jobba med. Rett før møtet, mottek eg optimistisk tilbakemelding når det gjeld forsikring.  NTpF  vil fortsetja arbeidet med å  trygga medlemmene eit tilfredsstillande tilbod både i offentleg og privat sektor når det gjeld ivaretaking av arbeidslivspolitikk og medlemsfordeler. Dette er eit arbeid utan utløpsdato. 

Tannpleierforeininga har vore på mange av medlemmene sine arenaer og gitt  orientering om saka. Styret og administrasjon har fått positiv tilbakemelding frå medlemmene på den grundigheita styret og administrasjon har vist gjennom  arbeid. 

 I tillegg har styret fått støtte frå fleire yrkesorganisasjonar i Delta med forståing for ønskje om overgang til Unio. Tidlegare tilsette  og pensjonerte tilsette i Delta heiar på NTpF, men forstår at Delta vil behalda yrkesgruppa. Det blir uttrykt frå ulikt hald at  politisk leiing i Delta trår langt over streken ved å  tilby alternativ fagleg tilbod dersom NTpF går over til Unio. I tillegg, er det gitt massiv støtte i saka frå alle tidlegare leiarar frå 1988 og framover. Støtta frå så ulike hald, har styrka styret og administrasjonen i denne arbeidskrevjande saka.  

Samtidig vil eg som ledar for organisasjonen i 11 år, sei at NTpF er blitt godt ivaretatt i Delta. Administrasjonen har alltid vore klare for å gi  hjelp ved behov. Vi, Linda, Gry og eg har trivst i godt arbeidsmiljø i fine lokale.  Delta har vore eit trygt og godt rede for tannpleiarane. Styret  forstår at NTpF  er viktig yrkesorganisasjon i Delta. NTpF har lukkast i politisk arbeid på mange områder. Der Delta har vore involvert, er det  NTpF som har hatt styringa. Styret forstår at Delta argumentera for å behalda oss  som ein av  22 yrkesorganisasjonar med 3 gjenværande organisasjonar for universitets/høgskulegruppene dvs. ca. 5% av den yrkesaktive medlemsmassen. 

Men styret i Norsk Tannpleierforening vil annleis og som  eit sjølvstendig rettssubjekt i Delta har styret bestemt utmelding.  Styret tar det  ansvar medlemmene har valt oss til å ta,- no er tida der til å foreta den endring som vart satt på dagsorden for mange  år sidan.  

Norsk Tannpleierforening har styrke til å skapa ein  sjølvstendige organisasjon  til det beste for Tannpleiarforeininga sin fag –og arbeidslivspolitikk framover. Difor har styret valt den rette sti, men ikkje den enkle sti. Styret er ambisiøse, no skal medlemmene vera ambisiøse på vegen av dykk sjølve. La trua på  framtida slik styret foreslår, vera større enn frykta for den. La det vera førande for di stemme i dag! 


Viktig informasjon til alle medlemmer.

Publisert 07.6.2021 klokka 14:45

Saken gjelder eventuell søking om overgang fra hovedorganisasjonen YS-Delta til hovedorganisasjonen Unio. Se egen side for å få samlet informasjon.  

«Hva er viktig for deg?- dagen 9. juni 2021

Publisert 07.6.2021 klokka 12:58

«Hva er viktig for deg?»-dagen har et helsefremmende fokus og styrker pasientrollen. Pasienten oppfordres til aktiv deltagelse i egne mål og styrker egenmestring, og som behandlere oppfordres vi til å lytte til hva som er viktig for pasienten. Ved at helsepersonell stiller et enkelt, men viktig spørsmål; «Hva er viktig for deg?», flyttes oppmerksomheten fra […]

Webinar: Helsekompetansen i fem utvalgte innvandrerpopulasjoner – befolkningens helsekompetanse del II

Publisert 04.6.2021 klokka 11:49

I forbindelse med lanseringen av HLS19-rapporten «Helsekompetansen i fem utvalgte innvandrerpopulasjoner – Befolkningens helsekompetanse, del II» inviterer Helsedirektoratet, i regi av OsloMet, til gratis webinar 11. juni 2021 kl 12-14. Rapporten beskriver helsekompetansen i fem innvandrerpopulasjoner; personer med bakgrunn fra Pakistan, Polen, Somalia, Tyrkia og Vietnam. Program og informasjon her  

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening