NTpF og internasjonalt arbeid

Norsk Tannpleierforening, NTpF, er medlem av tannpleiarane sine internasjonale organisasjonar

  • IFDH International Federation of Dental Hygienist
  • EDHF European Dental Hygienists Federation.

 IFDH – International Federation of Dental Hygienist:

IFDH vart etablert i Oslo 1986. 30 tannpleierforeiningar over heile verden er medlemmer av tannpleiarane sin internasjonale foreining.

Organisasjonen sine mål:

  • Sikra og forsvara yrkesgruppa sine interesser, og fremme yrkesgruppa globalt
  • Fremme profesjonelle alliansar mellom tannpleierforeiningane så vel som med andre tverrfaglege foreiningar og organisasjonar
  • Fremme samfunnet sitt ansvar til å forbetra oral helse og kvalitet på det helsefremmende arbeidet
  • Fremme og koordinera kunnskap og informasjon om yrket, utdanning, forsking og forskingsbasert praksis
  • Auka offentleg bevissthet om at oral sjukdom kan forebyggjast gjennom bevist satsing, og at oral sjukdom kan ha betydeleg innverknad på generell helse
  • Vera eit internasjonalt, vitenskapleg fora for utdanning og nettverksbygging for problemstillingar knytta til oral helse

House of Delegate, representskapet, består av 2 delegatar frå kvart medlemsland og møtes kvart 3 år. Styret er sett saman av 5 styremedlemmer som har ansvar for å utøva måla som representskapet har vedtatt i landsmøteperioden. Sjå ifdh.org

Vidare er det etablert 6 ulike komitear som arbeider med ulike tema i løpet av landsmøteperioden. Sjå http://www.ifdh.org/

 EDHF – European Dental Hygienists Federation:

EDHF vart etablert I 1999, representerer 17 land organiserer ca 20 000 tannpleiarar i Europa. Styret består av 3 medlemmer, og representantskapet består av 2 representantar frå kvart medlemsland. Medlemslanda møtest årleg. Gjennom EDHF får tannpleierforeiningar ein felles plattform å utveksla kunnskap og informasjon foreiningane i mellom og andre europeiske organisasjonar som arbeider for å fremma helsa.

EDHF skal fremja oral helse og forebyggja sjukdom gjennom å sikra at oral helse blir ein del av den totale helsebegrepet. EDHF skal styrkja og fremja tannpleiaren sitt arbeidsfelt.

Organisasjonen sine mål:

  • Styrkja tannpleiarfunksjonen ved å jobba for anerkjenning av yrket i alle europeiske land
  • Samarbeida med utdanningsinstitusjonane for tannpleiarar og etablera felles rammeverk godkjent av EU direktivet, Professional Qualification and legislations
  • Støtte kvarandre i vårt arbeid med utvikling av yrkesgruppa, innanfor forsking og samarbeid med andre helse profesjonar
  • Samarbeida med organisasjonar for å styrkja oral helse i samfunnet
  • Vera ein organisasjon som EU direktiv visar til, og EU visar til på andre områder som gjeld yrkesgruppa

Fant du det du lette etter?

Meld deg inn i Norsk Tannpleierforening

NTpF er en partipolitisk uavhengig yrkesorganisasjon for alle autoriserte tannpleiere, enten de er yrkesaktive eller yrkespassive. Mer om Norsk Tannpleierforening >>

Medlemsfordeler

  • Medlemsskap i NTpF og Delta: Delta gir deg hjelp og støtte på arbeidsplassen i lønns– og arbeidsspørsmål.
  • Fagtidsskriftet Tannstikka med 6 utgivelser per år med bl.a. fagstoff og oversikt over ledige stillinger etc.
  • Faglig utvikling gjennom årlige fagkonferanser med kurs spesielt tilpasset tannpleiere, rimelig for studenter og til gunstig pris for ordinære medlemmer