Kjære medlemmer, tillitsvalte og samarbeidspartnarar!

Publisert 21.12.2017 klokka 12:24

2017 har vore eit spennande år for Norsk Tannpleierforening og tannpleiarane i Norge:

Saken om ev overføring av tannhelsetenesta til kommunen har vore tidkrevjande å jobbe med. Kravet om at tannpleiaryrket må lovfestast som kjernekompetanse i kommunen på linje med andre yrkesgrupper som fysioterapeut, sjukepleiar, tannlege, ergoterapeut  mv vart  vedteke av Stortinget i juni 2017. Dette er ei viktig sak for yrkesgruppa framover.

Tannpleierforeninga har utarbeida veiledar for tannpleiarar som ønskjer å etablera privat praksis. Dei første tannpleiarane ved vidareutdanninga i tannpleie og helsefremjande arbeid ved Høgskulen i Sørøst- Norge vart nyleg uteksaminert. Enkelte av tannpleiarar vel å studera vidare og byrjar på masterstudiet i helsefremjande arbeid.

Program for fagkonferansen og jubileet er no tilnærma klart. Styret og administrasjonen gledar seg til feiring av 50 års jubileet for Norsk Tannpleierforening i samband med fagkonferansen og landsmøtet på Fornebu. Vi ser fram til å møta mange medlemmer og samarbeidspartnarar på arrangementa den 30. og 31. mai i 2018.

Som tradisjonen er i Norsk Tannpleierforening er det sendt ei pengegåve til godt formål. I år blir gåva sendt til Redd Barna.

Med ønskje om ei fredelig julehøgtid og eit godt nytt år, vil tannpleierforeininga takka medlemmer, tillitsvalte og andre samarbeidspartnarar for det gode samarbeidet i 2017!

Beste helsing Hilde Aga, Benthe Hansen, Linda Ludmann og styret i Norsk Tannpleierforening


Tannpleierforeininga er meir synleg!

Publisert 13.1.2022 klokka 09:40

NTpF var invitert til å koma med tannhelsepolitisk kommentar til Unio sitt innspel til regjeringa Støre i forkant av 2023-budsjettet. For første gong er Tannpleierforeiniga integrert og fått anledning til å formulera viktig politisk bodskap til komande statsbudsjett. Unio skriv under tema Helse og omsorg: Tannhelse må i større grad bli en del av den […]

ISDH 2022- International symposium on dental hygiene

Publisert 11.1.2022 klokka 08:47

11. til 13. august 2022 arrangeres ISDH i Dublin i regi av tannpleiernes internasjonale organisasjon, IFDH med det spennende tema THE FUTURE IN OUR HANDS.  Norsk Tannpleierforening engasjerer seg, i internasjonalt arbeid for yrkesgruppa sammen med 30 andre land, og er representert på generalforsamlingen i 2 dager før symposiet. Det er flott å se at mange […]

Tannpleiernes forsikringskontor er etablert

Publisert 22.12.2021 klokka 15:11

Norsk Tannpleierforening har et bredt forsikringstilbud til meget fordelaktige priser. Her kan du lese mer om og kjøpe våre gode forsikringer til gunstig medlemspris. NB! Forsikringene kan ha oppstartsdato tidligst 1.1.22. Din egen forsikringsportal Som medlem i Norsk Tannpleierforening får du tilgang til din egen forsikringsportal. Her vil du finne informasjon om våre forsikringsprodukter, og du kan […]

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening