09.02.2021:
Hei Geir–Jørgen Bekkevold, Helse- og omsorgskomiteen
Som leiar av Norsk Tannpleierforening, NTpF, tar eg kontakt med leiar i Helse- og omsorgskomiteen med bakgrunn i enkelt saker. NTpF vil gjerne høyra status for sakene, og eg ser fram til at NTpF blir involvert i det vidare arbeidet med desse aktuelle sakene:
· Bevilling til 42 mill til prøveprosjekt om styrking av tannhelsetilbod til eldre som mottar heimesjukepleie
· Anmodningsvedtak Innst. 378 L 82016-2017) der regjeringa blir bedt om å starta arbeidet med å bygge opp tannpleierkompetanse i kommunen
· Anmodningsvedtak 20, Innst. 39 S (2018–2019) der stortinget ber regjeringa bl a om ein heilheitleg gjennomgang av folketrygda sine refusjonsordningar
NTpF, er fagorganisasjon for tannpleiarar som jobbar kontinuerleg med relevante saker på tannhelsefeltet. Norsk Tannpleierforening meinar den framtidige helseteneste må vera prega av meir samfunnsøkonomisk ressursbruk der potensialet i helsefremming og førebygging blir styrka i arbeidet med å redusera behandling. Sårbare grupper og dei med svak økonomi, må få tilrettelagt betre tannhelsetilbod.
Vi må erkjenna at kvaliteten i eldretannpleien må forbetrast, og samhandling mellom tannhelsetenesta i fylka og kommunen må styrkjast. Tannpleierkompetanse i kommunen kan bli viktig del i dette arbeidet.
Eg ser fram til å høyra frå deg, og eg legg ved innspel til partiprogrammet om tannhelse til evt vidare dialog.
Venleg helsing,
Hilde Aga