Stryn tannklinikk søker tannpleier

Vestland tannhelsetjeneste har ledig 100% fast stilling som tannpleiar med snarleg tiltreding. Stryn ligg innerst i Nordfjord, i eit område som er kjent for sine blå
isbrear, majestetiske fjell, frodige dalar og djupe innsjøar. Med sommarskisenter har ein moglegheit for å stå på ski både sommar og vinter. Stryn er eit mekka for friluftsfolk året rundt. I tillegg kan Stryn vise til eit rikt kultur og næringsliv. Her har ein alt ein treng med korte avstandar. Stryn tannklinikk har 3 tannlegar, 1,5 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar. I tillegg er det ein kjevekirurg på klinikken. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

 

Arbeidsoppgåver

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må legge fram polititattest før tilsetjing.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Vi tilbyr

Løn i samsvar med tariffavtale. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Andre Opplysningar.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offfentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort 

Full utlysningstekst finner du her.

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening