VIKARIAT  TANNPLEIAR, 100% i 1 år

1VIKARIAT  TANNPLEIAR, 100%

Haaland Tannklinikk i Odda, Vestland, utlyser eitt års vikariat for tannpleiar i 100% stilling frå september 2021. Vikariatet er for tannpleiar som driv som sjølvstendig næringsdrivande. Det er gode arbeids- og innteningsvilkår, og rikeleg pasienttilgang.

Klinikken er ein godt opparbeida og hyggeleg klinikk med to tannlegar og ein tannpleiar. Vikariatet er utlyst då tannpleiaren vår skal ut i fødselspermisjon. Det er også oralkirurg i spesialisering tilknytt klinikken.

Klinikken har ein stor og godt opparbeidd pasientportefølje, og er veletablert i området. Behandlingsromma er utstyrte med Sirona-unitar. Klinikken er ein oppdatert klinikk med mellom anna 3Shape Trios 3 move+ intraoral scanner, OPG og mikroskop tilgjengeleg.

Me søker ein fagleg sterk medarbeidar som er kvalitetsbevisst, positivt innstilt og som har god kontakt med pasientane. Me kan tilby gode vilkår, god tilgang på pasientar, og ein variert arbeidskvardag med rikeleg tilgang på både på US- og perio-pasientar.

Søkarar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, samt ha norsk autorisasjon. Tidlegare arbeidserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Ein av dei tilsette ved klinikken har tidlegare erfaring som klinikkleiar i det offentlege, og har drive mykje med oppfølging av nyutdanna der. Vikariatet kan såleis også vere godt eigna for nyutdanna som ynskjer ein triveleg og samstundes utfodrande kvardag, med variasjon i behandling, men også med høve for både oppfølging og rettleiing frå dei andre tilsette undervegs.

Ta gjerne kontakt med oss om du er interessert i vikariatet, eller om du har spørsmål. Oppstart frå september 2021. Endeleg start- og slutt-dato kan avtalast før oppstart i vikariatet.

Søknad, CV og eventuell spørsmål kan sendast til post@haalandtannklinikk.no.

Bli medlem i Norsk Tannpleierforening